Logg inn English

Dorothe Engelbretsdotter

Foredrag ved Trond Haugen.
Varar i ca. 25 minutt.

Den barokke diktaren Dorothe Engelbretsdotter blir ofte kalla Noregs første profesjonelle forfattar. Ho vaks opp i handelsbyen Bergen på 1600-talet, og skreiv salmetekster som vart enormt populære i samtida – så populære at ho fekk dåtidas copyright og kunne leve av å skrive. Engelbretsdotter sine salmar er framleis i bruk i kyrkja i dag.

Men kvifor skal vi eigentleg lese 400 år gamle dikt? Kan dei fortelje oss noko om vårt liv? Og kva seier dei om tida dei vart skrivne i?

I dette foredraget fortel forskar Trond Haugen om Dorothe Engelbretsdotter si samtid, om stilepoken ho er ein del av og om den viktige posisjonen ho har hatt i norsk litteraturhistorie både før og no. Han gjer også ein kort gjennomgang av diktet «Afften-Psalme», og snakkar om sjanger, symbolikk, tematikk og oppbygging.