Mellomalderen på 90 minutt

Mange tenker kanskje på mellomalderen i Noreg som ei tid der alt var mørkt og brutalt, men det stemmer ikkje.
Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby gir oss eit krasjkurs i denne fascinerande delen av verdshistoria, som strekker seg frå om lag år 500 til 1500. Han tar oss med inn i ei lys, levande og hendingsrik tid der vi finn spirene til dagens moderne samfunn. Folk var i rørsle, både intellektuelt og fysisk. Nordmenn kryssa landegrenser og hav, og dei henta heim impulsar frå heile Europa. I tillegg fekk vi på denne tida Magnus Lagabøtes landslov, ei lovsamling som gjaldt for heile landet. På denne tida kom dessutan kyrkja til Noreg, og ho starta å prege kvardagen til folk.
Foredraget er gratis, og du kan strøyme det på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant.
Arrangementet er fullteikna, men du kan få med deg overføring til storskjerm! Hent billett her: Hent billett!
Sjå heile jubileumsprogrammet her!
Kafeen serverer mellomaldermat i pausen.
Velkomen!