Avsluttet utstilling

Siste moglegheit: Lause typar og stramme bind

19. september 2019 – 18. januar 2020Gratis inngang
Logo for utstillingen

Norske, trykte bøker i 500 år

I denne utstillinga utforskar Nasjonalbiblioteket den fysiske boka som objekt. På den eine sida utviklinga av alt det som avgjer forma på den trykte boka – formatet, skrifta, papiret, illustrasjonsteknikkane og innbindinga. Men form skapar òg meining. Utstillinga søkjer derfor også å syne korleis ulike historiske og sosiale tilhøve har prega utforminga av bøker, og korleis boka si form har påverka lesaren sin oppleving av teksten. Kvifor er nokre bøker store og andre små? Kva er samanhengen mellom sjanger og format? Kva skilnad gjer papirkvaliteten? Og, kva har det å seie for leseopplevinga at du med e-boka ikkje kjenner teksturen i papiret, høyrer lyden av å bla, eller kjenner lukta av sverta?

Utstillinga inngår i markeringa av Bokåret 2019, ei nasjonal feiring av at det er 500 år sidan dei to første norske bøkene blei trykte.

Fagansvarleg Anne Eidsfeldt gjev omvisingar i utstillinga. Meld deg på her.

Arrangementer