Fosseforedraget og Fosseprisen 2025 — Strømming

Read more in English here

Torsdag 24. april gjekk det første Fosseforedraget av stabelen på Slottet. Den franske filosofen Jean-Luc Marion heldt det nyskrivne foredraget Skaping, før kronprinsesse Mette-Marit delte ut den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar til tyske Hinrich Schmidt-Henkel.

Den norske musikaren og komponisten Anja Lauvdal framførte eit nytt verk for trøorgel og synth, inspirert av teksten til Marion. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre leia tilstellinga.

Jean-Luc Marion er ein av dei største nolevande tenkjarane i Europa, og er særleg oppteken av tema som kjærleik, kunst og Gud som fenomen. Dette første Fosseforedraget har fått tittelen Creation/Skaping  og er til sals på nynorsk, engelsk og fransk i bokhandelen vår.

Hinrich Schmidt-Henkel har omsett mange norske verk til tysk, mellom anna av Ibsen, Vesaas, Askildsen, Løveid, Lillegraven og Fosse. Han blir heidra for evna til å gjenskape den språklege rikdommen i nynorsk og bokmål til tysk og for godt arbeid med å løfte fram norsk litteratur og dramatikk i utlandet.