URN står for Uniform Resource Name. URN er utvikla av IETF (Internet Engineering Task Force). Medan ein URL (Uniform Resource Locator) viser til nettadressa, skal ein URN vere eit garantert uforanderleg og globalt unikt navn. URN kan tildelast digitale dokument eller nettressursar avhengig av intellektuelt innhald (eit dokument, bok, artikkel, bilde, lydopptak, osv.) og andre ressursar det er praktisk å identifisere, til dømes ei nettside eller ei fil. URN skal ikkje tildelast trykte dokument.

URN som unik identifikator

Ein unik identifikator gjev ein kort og eintydig identifikasjon av eit dokument eller ein ressurs. Det er lang tradisjon for å bruke globale unike identifikatorar. Eit døme på dette er ISBN som finst på nesten alle trykte bøker. Unike identifikatorar blir brukte til å identifisere og kjenne att eit dokument eller ein ressurs. Ein URN kan brukast som søkeinngang – til dømes i eit Googlesøk – eller til sikker identifisering av eit dokument.

Vi rår til at ein legg URN synleg i teksten, til dømes saman med opplysningar om tittel eller utgåve. Vi rår også til at ein legg URN  inn i metadatafelt – <HEAD>-feltet – i HTML-koden, dersom det er snakk om eit HTML-dokument. URN bør brukast i litteraturlister og kjeldelister. Til liks med andre unike identifikatorar som ISBN og ISSN blir URN registrert i bibliotekkatalogar.

Oppbygging av URN

Ein URN blir bygd opp slik: URN:<NID>:<NSS>

Alle URN byrjar med «URN»

NID (Namespace Identifier) – namneromsidentifikator – er ein kode som identifiserer den ansvarlege for tildelinga av ein serie med URN. Det finst fleire NID. Nasjonalbiblioteket tildeler URN under ein NID som heiter NBN. NBN står for National Bibliographic Number. URN:NBN blir tildelt av nasjonalbibliotek i til dømes Finland, Sverige og Noreg.

NSS (Namespace Specific String) – namneromsspesifikk streng – er ein unik kode som blir tildelt av ein NID. Kombinasjonen av NID og NSS er såleis unik. I URN:NBN startar NSS med ein landkode og deretter kjem ein unik kode – vanlegvis eit løpenummer. NSS er «case sensitive», dvs. at store og små bokstavar har ulik verdi.

Eit URN som blir tildelt av Nasjonalbiblioteket kan sjå slik ut: URN:NBN:no-123

Nasjonalbiblioteket legg til rette for ei vidare inndeling av NSS i seriar. Om ein brukar seriar, er det mogleg å nytte andre unike kodar enn løpenummer. Bruk av seriar er berre for dei som ønskjer å tildele URN til svært mange digitale dokument eller nettressursar, og som kan garantere at koplingane mellom URN og URL blir haldne ved like. Seriar blir oppretta etter avtale med Nasjonalbiblioteket og krev tildeling via webservice.

Oppslagsteneste

I tillegg til generell unik identifisering, er det for nettressursar også eit poeng å ha eit fast «namn» som alltid leier til den aktuelle fysiske plasseringa (URL). Dette krev ei oppslagsteneste (på engelsk: resolution service) som til ei kvar tid held orden på koplinga mellom den unike identifikatoren (URN) og den fysiske plasseringa (URL). Den ideelle løysinga ville vore om ein kunne taste inn eit URN i staden for ein URL i nettlesaren og at denne via oppslagstenesta fann fram til den – til ei kvar tid – aktuelle URL-en. Ei slik global oppslagsteneste er ikkje realisert, men det er etablert ein del nasjonale oppslagstenester.

Nasjonalbibliotekets URN-teneste inkluderer ei oppslagsteneste. Denne gjer det mogleg å knyte eit URN til ein eller fleire URL. Dersom ein URN er knytt til fleire URL, må ein definere ein av URL-ane som prioritert. Ansvaret for å vedlikehalde koplinga mellom URN og URL ligg hjå den som oppretta den aktuelle URN-en.

Gjennom oppslagstenesta kan ein få tilgang til eit digitalt dokument eller ein nettressurs uavhengig av plassering, ved å kjenne URN. Dette kan gjerast på to måtar:

1. Lenkebasert: Bake inn gjeldande URN i denne URL-en: http://urn.nb.no/, til dømes slik: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-123.
Denne URL-en vil gjere eit oppslag i Nasjonalbiblioteket si URN-teneste og omdirigere førespurnaden til rett URL. Denne metoden vil vere praktisk i litteraturlister og liknande.

2. Gjennom URN-tenesta til Nasjonalbiblioteket. Søk etter URN.