Logg inn English

URN

URN er ein unik og permanent identifikator for digitale dokument og nettressursar.

Nasjonalbiblioteket hadde tidlegare ei teneste som tildelte URN, med ei oppslagsteneste som gav permanent tilgang til ressursar gjennom samankopling av URN og URL. Denne tenesta var lite brukt og er nå lagt ned.

Kva er URN?

URN står for Uniform Resource Name, og er utvikla av IETF (Internet Engineering Task Force). Medan ein URL viser til ei nettadresse, skal ein URN vere eit uforanderleg og unikt namn. URN kan tildelast digitale dokument eller nettressursar det er praktisk å identifisere.

Ein URN er bygd opp slik: URN:<NID>:<NSS>

NID, «Namespace Identifier» eller namneromsidentifikator, er ein kode som identifiserer den ansvarlege for tildelinga av ein serie med URN. Nasjonalbiblioteket bruker URN under ein NID som heiter NBN, som står for National Bibliographic Number. Også nasjonalbiblioteka i blant anna Sverige og Finland brukar URN:NBN.

NSS, «Namespace Specific String» eller namneromsspesifikk streng, er ein unik kode som blir tildelt av ein NID. I URN:NBN startar NSS med ein landkode, og fortsett med ein unik streng med tegn.

Eit døme på ein URN frå Nasjonalbiblioteket: URN:NBN:no-123.

Sjå også