
Foredrag ved Bjørn Thore Solås
Varighet: 28 minutter
Dette digitale undervisningsopplegget består av foredrag og oppgåvesett med læringsressursar.
I 1814 går Noreg ut av ein over 400 år lang union med Danmark og hamnar midt i ei nasjonal identitetskrise. Kven er vi som nasjon? Kva er eigentleg det typisk norske? Inspirerte av nasjonalromantiske idear og dei tyske brørne Grimm, går dei to venene Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe vitskapeleg til verks for å fange den norske folkeånda. Resultatet blir noko heilt anna enn ei tørr vitskapeleg avhandling: Vi får ei samling norske folkeeventyr, ei samling som er definerande for Noreg også i vår eiga tid.
Korleis vart bøkene til, og kvifor har dei blitt ein så sentral del av den norske kulturarven? Dette er spørsmåla vi forsøker å finne svar på i videoforedraget.
Lektor og formidlar ved Nasjonalbiblioteket, Bjørn Thore Solås, fortel historia om korleis to bestevener frå skuledagane enda opp med å lage dei kanskje norskaste bøkene som finst. Han ser mellom anna på kva nasjonalromantikken var, korleis Asbjørnsen og Moe arbeidde, korleis eventyrstilen bidrog til eit norskare skriftspråk, og ikkje minst: Han hentar opp dei originale utgjevnadene av folkeeventyra frå Nasjonalbibliotekets djupe magasin. Dette er eventyret om nasjonsbyggarane Asbjørnsen og Moe.
DETTE LÆRAR ELEVANE
- utforske og reflektere over korleis tekstar frå romantikken og nasjonalromantikken framstiller menneske, natur og samfunn, og samanlikne med tekstar frå nyare tid
- bruke fagspråk til å beskrive særtrekk ved norsk samanlikna med svensk, dansk og norrønt
- gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag
- Elevane lærar om kva nasjonalromantikken var og dei sentrale ideane han bygger på
- Elevane lærar om korleis Asbjørnsen og Moe arbeidde for å lage eventyrsamlinga si
- Elevane lærar om kva språklege grep Asbjørnsen og Moe tok for å skape «eventyrstilen»
- Elevane lærar om dei ulike eventyrsamlingane som kom på 1800-talet, frå det aller første heftet på 1840-talet til dei illustrerte utgåvene med Theodor Kittelsen
- Elevane lærar om kva rolle eventyra spiller i Noreg i dag