Storstilt markering av Landslovjubileet 2024 på Nasjonalbiblioteket

Utsnitt av ein gullforgylt illustrasjon får den vakraste utgåva av Magnus Lagabøtes Landslov, der kong Magnus, sitjande på trona, overrekkjer lovboka til ein person kledd i kvitt.
Bilete frå den vakraste utgåva av Landslova, som du kan sjå i jubileumsutstillinga på Nasjonalbiblioteket frå 1. februar. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

I 1274 fekk Noreg for første gong ei felles lov for heile kongeriket. I år blir 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov markert over heile landet, og Nasjonalbiblioteket inviterer publikum til ei utstilling med unike dokument frå norsk mellomalder, eit omfattande arrangements- og skuleprogram, ein ny podkastserie og forseggjorde utgivingar av Landslova.

– Landslova er eit av dei viktigaste dokumenta i Noregs historie. Ho bidrog til å forme livet til folk i landet i over 400 år, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. – Samstundes er lova kjelde til ein del av historia som er lite kjend, og ho opnar for ei forteljing om Noreg som eit mellomstort mellomalderkongedøme som gjer eit av dei mest framsynte lovarbeida i Europa.

Unik utstilling

Utstillinga Med lova i hand. Magnus Lagabøtes Landslov, 1274–2024 gir publikum ei unik moglegheit til å møte mellomalderen på nært hald. For første gong blir eineståande, handskrivne dokument som Gulatingsloven, Heimskringla og nokre av dei vakraste eksemplara av Landslova tilgjengelege for publikum, etter å ha vore bevart i utanlandske samlingar i mange hundre år.

– Fleire av dokumenta vi stiller ut, blir synlege for eit norsk publikum for første gong sidan mellomalderen. Vi vonar at det å visa dei fram vil bidra til å gjere denne delen av mellomalderhistoria til ein like viktig del av sjølvforståinga vår som vikingskip og gravhaugar, seier Sira Myhre.

Festopning, nye utgivingar og publikumsaktivitetar
Torsdag 1. februar brakar det laus. Til ei stor festopning, leia av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, kjem rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde og norrønfilolog Magnus Rindal. Kvedar Kim Rysstad og mellomalderensemblet Modus står for dei musikalske innslaga. Arrangementet markerer opninga av utstillinga Med lova i hand og Nasjonalbiblioteket sine nye utgivingar av Landslova, som kjem i både ei eineståande praktutgiving og ei meir tilgjengeleg folkeutgåve.

Dette er òg startskotet for eit jubileumsår fylt av formidling knytt til Landslova, gjennom arrangement og publikumsaktivitetar på Solli plass i Oslo. Dei fleste arrangementa blir strøymde, slik at dei er tilgjengelege for publikum over heile landet. 

Gjennom året kan du delta på foredrag og samtalar om alt frå kvinneliv i mellomalderen til korleis Landslova forheldt seg til vald og samliv. Du får mellom anna eit krasjkurs i mellomalderen på 90 minutt, du kan delta på mellomaldersk spelkveld og bli med på folkelesing av Landslova. Nasjonalbiblioteket inviterer òg til ei rekkje fagseminar, og det kjem fleire arrangement til gjennom året.

Ny podkast: «Dømt – skjebner fra middelalderen» 

Med utgangspunkt i faktiske dommar og rettsdokument frå mellomalderen, tek historikar Ole-Albert Rønning Nordby og Aslak Sira Myhre publikum med tilbake i tid gjennom historier om alt frå nabokranglar, tjuveri og drap til miskunn med dei fattige i den nye podkasten «Dømt – skjebner fra middelalderen». Podkasten har premiere allereie 23. januar, og du kan følgje alle episodane der du lyttar til podkast.

Landslova til ein ny generasjon
I eit omfattande program særskilt utvikla for vidaregåande skular, kan elevar i heile landet dette året lære om Landslova og korleis historia om ho vart forma av moderne idear frå Europa, og er del av forteljinga om korleis Noreg etter kvart blei det landet vi kjenner i dag – i samspel med verda utafor. Tilbodet til skular er både fysisk og digitalt, og elevane får moglegheit til å oppleve ei spesialutvikla forteljarforestilling, høyre foredrag om norsk kulturliv i mellomalderen og delta på omvisingar i utstillinga Med lova i hand.

Nasjonal markering og opningshelg i Oslo
Den offisielle opninga av Landslovjubileet 2024 finn stad på Slottet onsdag 31. januar. Her vil H.M. kong Harald få overrekt eit eksemplar av praktutgåva av Landslova som er spesielt utforma for han.

Heile tre utstillingar knytt til Landslovjubileet opnar i Oslo torsdag 1. februar. I tillegg til utstillinga Med lova i hand på Nasjonalbiblioteket, opnar Kulturhistorisk museum si utstilling NOREGR – fortellinger fra middelalderen på Tullinløkka, og på Eidsvolls opnar Stortinget si utstilling om Tingets historie. Fredag 2. februar held Stortinget open dag med formidling av tingets historie og Landslova. Høgsterett vil syne fram eit eksemplar av den nye praktutgåva av Landslova i sine lokale frå 1. februar.

Nasjonalbiblioteket har fått i oppgåve av Kultur- og likestillingsdepartementet å vere nasjonal koordinator for Landslovjubileet. Utover året markerer aktørar over heile landet Landslovjubileet gjennom lokale utstillingar og arrangement. Nasjonalbiblioteket har utforma ei plakatutstilling som kan visast i alle folkebiblioteka i landet.

Om Landslovjubileet 2024
Landslovjubileet 2024 er ei nasjonal markering av at det er 750 år sidan kong Magnus Lagabøtes landslov blei innført i Norge. Landslova av 1274 var det første lovverket som gjaldt for heile det norske riket, og den verka i Noreg gjennom 400 år.

Landslova la spira til den norske rettsstaten og folkeleg medbestemming, som er ein føresetnad for demokratiet slik vi kjenner det i dag. Lova bygde vidare på den gamle norske tingtradisjonen, samtidig som ho var påverka av banebrytande tankar og idear som var i vinden i Europa på 1200-talet. Landslova er dermed også eit symbol på korleis Noreg i mellomalderen hadde ein sentral plass i det politiske og intellektuelle Europa. Med Landslova fekk kvinner for første gong arverett, og fattige som ikkje klarte å brødfø seg sjølve, skulle ikkje lenger straffast for å stele mat. Landslovjubileet gir oss høve til å løfte fram denne vesentlege, men ofte underkommuniserte, delen av norsk historie.

Les meir om alt som skjer på Nasjonalbiblioteket under Landslovjubileet 2024 her.