Nasjonalbiblioteket gir 10 millionar kroner til biblioteka 

Foto: Kari Margrethe Sabro / Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har fordelt 10 millionar kroner til 63 formidlingstiltak i norske folkebibliotek for 2023. Nesten 90 prosent av dei innkomne søknadane har fått støtte, og meir enn to tredelar av kommunane over heile landet er omfatta av tildelingane.

Støtta er eit viktig verkemiddel i Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023, der målet er å styrke aktiv litteraturformidling i biblioteka.

– Formidling av litteratur er essensielt for å skape leselyst. Biblioteka gjer ein formidabel innsats for å formidle litteratur ut til små og store over heile landet, og med desse midla vil dei nå enda fleire. Regjeringa vil prioritere biblioteka også framover, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Midla skal bidra til at folkebiblioteka går aktivt ut og formidlar litteratur og innhaldet sitt i lokalmiljøa, gjerne i samarbeid med andre aktørar, som institusjonar, foreiningar eller arbeidsplassar i kommunen.

– Vi ser at biblioteka prioriterer formidlingstiltak retta mot ungdom. Fleire får også støtte til å utvikle den digitale litteraturformidlinga, til dømes gjennom podkastproduksjon, seier direktør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesand.

Mange bibliotek har fått støtte til å styrke samarbeidet med skular og barnehagar, og mange har tatt oppfordringa frå bibliotekstrategien, om å bruke midla til å samarbeide på tvers av både kommune- og fylkesgrenser.

– Fleire storbybibliotek ønskjer å samarbeide med nabokommunar for deling av ressursar, formidlarar eller formidlingsopplegg, fortel Tinnesand. – Eit døme på dette er Drammen som set i gang eit samarbeid med Kongsberg, Øvre Eiker og Holmestrand om formidling til ungdom.

Fylka Rogaland og Nordland har planlagt samarbeid om formidlingstiltak mellom ei rekkje kommunar, og fylkesbiblioteket i Trøndelag får 1,5 millionar kroner til å føre vidare eit samarbeid mellom landets fylkesbibliotek for å styrke formidlingskompetansen til bibliotektilsette. Vestfold og Telemark fylkesbibliotek får 950 000 kroner kvart år gjennom strategiperioden til å vidareutvikle Sommarles som ei nasjonal lesekampanje for barn.

Dei fordelte midla blir finansierte gjennom speleoverskot frå Norsk Tipping og føreset at overføringane til Nasjonalbiblioteket blir halde på same nivå som i fjor.

Ei oversikt over tildelingane finn du her.