Logg inn English

Handverksfestivalen 2026: Kjøkkenet – rommet, reiskapane, maten

Rødt og hvitt retro kjøkken med komfyr, gryter og grønnsaker på benken.
Stillbiletet er henta frå filmen Hjemme hos oss (Ola Winger, 1971) – Foto: Sverre Bergli / Per Foss /

Kjøkkenet blir kalla det viktigaste rommet i huset – eit rom fullt av handverk, kunnskap og kulturhistorie. Rommet, reiskapane og maten står i sentrum når Nasjonalbiblioteket inviterer til Handverksfestivalen 18. og 19. september, med verkstader, foredrag, film og mat på Solli plass. Her kan du spikke ein tradisjonell visp av toppen på eit grantre, tvinne og bøye ståltråd til enkle kjøkkenting i romanitradisjon og lære å fermentere grønsaker. Knut Nærum fortel noregshistorie gjennom kjøkkenreiskapar, og Lene Berg viser fram kjøkkenet i kunst, litteratur og film.

Det er femte gong Nasjonalbiblioteket arrangerer Handverksfestivalen, som er blitt ei årleg feiring av kunnskap og tradisjonar formidla gjennom hendene. I år er temaet kjøkkenet.  

– Alle har eit forhold til kjøkkenet. Tenk på all matlaginga, alle dingsane og kor mykje tid vi brukar i dette rommet. Her ligg det mykje kulturhistorie gøymd i skuffar og skap, og det vil vi vise fram på festivalen, seier arrangementsansvarleg ved Nasjonalbiblioteket Ina Charlotte Fjellhøy.

Frå hand til hand

Mykje av det vi kan på kjøkkenet, har vi lært av andre. Gjennom dei to festivaldagane blir huset fylt med verkstader og aktivitetar der publikum sjølve kan prøve handverk og teknikkar som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar.

Saman med Maiken Bjørkli kan publikum tvinne og bøye ståltråd til eggeglas og knaggar i romanitradisjon, og lære å lage matkost med hestetagl, ein type kost som mellom anna har vore brukt til takkebakst.

På spikkeverkstaden kan ein lære å spikke ein steikjespade, eller prøve seg på å lage den tradisjonelle vispen tvore av toppen på eit gran- eller furutre.

Studentar frå OsloMet kjem med symaskiner, og ein kan lære å klippe og sy eit enkelt kjøkkenforkle. Her kan gamle gardiner eller dukar få nytt liv.

Matkunnskap med lange røter

Mjølk har lenge vore ei av dei viktigaste matvarene i Noreg, og laurdag tek matforskar Annechen Bahr Bugge publikum gjennom historia om mjølkematen. «Mjølkemat» er eit etande foredrag, med smakebitar laga av Credo undervegs.

Saman med Heidi Bjerkan og kokkane frå Credo kan publikum lære å fermentere grønsaker på glas. I verkstaden med Kathrin Aslaksby, kjend som budeia på Olestølen, kan ein lære å yste med geitemjølk.

Kjøkkenbenken, kjøkkenskapet og kulturen

Fredag møtest kokkane Michelle Zhao og Live Krangnes Edvardsen, og bakar André Løvaas, kjend frå Bakemesterskapet, til «Den store kjøkkenpraten». Alle tre arbeider med mat kvar dag og skal snakke om kvar det heile starta, kven dei har lært handverket av, og kvifor dei blir verande ved kjøkkenbenken.

Laurdag held Knut Nærum foredraget «Bakarst i skapet», der han fortel ei noregshistorie gjennom avdanka, ubrukte og tidlegare elska kjøkkenreiskapar. Gjennom desse tinga sporar han større utviklingstrekk i samfunnet, og kva dei kan fortelje om kven vi er, og korleis vi har brukt kjøkkenet gjennom tidene.

Same dag held biletkunstnar, forfattar og filmskapar Lene Berg foredraget «Kjøkkenet i kulturen». Ho har sett på kva rolle kjøkkenet spelar for kunst og viser fram døme frå kunst, litteratur og film på kva ho har funne.

Ein%20mann%20held%20fram%20eit%20kj%F8kkenreiskap%20som%20han%20ser%20rart%20p%E5.
Knut Nærum har funne fram kjøkkenreiskapar frå «Bakarst i skapet» til foredraget sitt på Handverksfestivalen. Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket

Frå Fjernsynskjøkkenet til kjøkkenfest

Samlinga til Nasjonalbiblioteket gir også fleire inngangar til kjøkkenet, med gamle kokebøker, tidsskrift, fotografi og historiske filmar. Gjennom festivalen kan publikum sjå opptak frå Fjernsynskjøkkenet, reklamefilmar for mellom anna det moderne 50-talskjøkkenet og opplysningsfilmar om alt frå snarkokt syltetøy til husmorvikaren. Blant desse er husmorfilmane frå Statens Filmsentral, der kjendisar som Leif Juster og Henki Kolstad dukkar opp som programleiarar. Laurdag blir Bent Hamers Salmer fra kjøkkenet (2003) vist.

Dei beste festane går føre seg på kjøkkenet. Fredag kveld blir det kjøkkenfest i Kantina, der Credo serverer snacks og gitarist Per Einar Watle og DJ Mariann Rosa spelar.

Laurdag kveld blir festivalen avslutta med «Sodd off med Børek», der ein kan ete trøndersodd frå Credo og høyre DJ Børek spele musikk.

Handverksfestivalen: Kjøkkenet
18.–19. september 2026
Nasjonalbiblioteket, Solli plass

Sjå heile programmet på våre nettsider: Handverksfestivalen 2026 | Nasjonalbiblioteket
Enkelte arrangement krev påmelding eller eigen billett.

%22Grafikk%20med%20en%20eggvisp%20og%20en%20osteh%F8vel%20ved%20siden%20av%20teksten%20%27Handverksfestivalen%27%20p%E5%20rosa%20bakgrunn.%22

Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket

Påmelding av pressemeldinger