Handverksfestival på Nasjonalbiblioteket trakk fulle hus

Vigdis Hjorth og Maria Navarro Skaranger på Nasjonalbibliotekets første handverksfestival, Håndverk #01. Foto: Kari Margrethe Sabro / Nasjonalbiblioteket


Nasjonalbibliotekets første festival om handverkstradisjonar trakk fulle hus førre helg, med brodering, spinning og veving frå morgon til kveld. Godt over 2000 personar deltok på foredrag og samtalar, verkstader og fellesbrodering på Solli plass i Oslo, og meir enn 1000 følgde arrangementa digitalt.

– Det er ein viktig del av kulturarven vår som førast vidare gjennom handverkstradisjonar, og det var inspirerande å sjå at programmet trefte eit så breitt publikum både i alder og mangfald, seier direktør for kulturformidling ved Nasjonalbiblioteket Eline Skaar Kleven. – Handverksfestivalen skal bli ei fast hending på Nasjonalbiblioteket, med fokus på ulike tradisjonshandverk. Engasjementet og gleda festivalen skapte, gir ekstra giv når vi no startar planlegginga av Håndverk #02.

På årets festival  fekk publikum fordjupe seg i og prøve ut tradisjonshandverk som broderi, tekstilkunst, karding, spinning og samisk grindvev, gjennom verkstader, foredrag, film og samtaler.

­– Særleg var interessa stor for verkstadene, som alle var fullteikna. Det var lange ventelister av folk som vona å få prøve ut dei ulike handverksteknikkane, fortel Kleven.

På handverksfestivalen nytta òg mange høvet til å leite etter spanande mønster og hente fram skattar frå handarbeidsarkiva i nettbiblioteket.

Festivalen var gratis og open for alle, og var eit samarbeid med blant andre Noregs Husflidslag, broderingsworkshopen Nålens makt og det feministiske kunstkollektivet Femme Brutal.