Bibliotekåret 2024: Folkebiblioteka set historiske rekordar

Fleire nordmenn finn vegen til biblioteket. I 2024 auka både bokutlån, besøk og deltaking på arrangement. Nye tal frå Nasjonalbiblioteket viser at biblioteka står sterkare enn nokon gong som møteplassar for kunnskap, kultur og fellesskap.
– Tala i bibliotekstatistikken viser at det systematiske arbeidet i biblioteka med formidling og lesing har gitt resultat. Biblioteka står no svært godt rusta til å vidareutvikle arbeidet med å styrkje leselysta, seier Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket.
Nøkkeltal frå 2024:
- 13,4 millionar bøker lånt ut frå folkebiblioteka (+6,7 prosent frå 2023)
- 7,8 millionar av desse var barne- og ungdomsbøker – det høgaste talet sidan 2008
- 26,8 millionar besøk – det høgaste talet registrert nokosinne
- 1,87 millionar deltakarar på arrangement i folkebiblioteka – ny rekord
Korleis ligg biblioteket ditt an? Sjekk tala frå din kommune i Folkebibliotekstatistikken for 2024.
Leselysta aukar i alle aldersgrupper
Barn og unge står for størstedelen av bokutlåna, og interessa har aldri vore høgare. Utlånet av barne- og ungdomsbøker er det høgaste som er registrert sidan målingane vart lagt om i 2008, og dette gjeld både fag- og skjønnlitteratur
– I år ser vi òg ein auke i utlånet av bøker for vaksne, fortel Svein Arne Tinnesand. – Den langvarige trenden med nedgang i bokutlånet for denne gruppa, ser dermed ut til å ha stoppa.
Rekordmange besøk og arrangement
Biblioteka har aldri hatt fleire besøk, og besøk per innbyggjar er no på nivå med tala før pandemien I heile landet blir det arrangert språkkafear, debattar, lesestunder, konsertar, spelkveldar og mykje meir – og deltakinga på desse har auka kraftig dei siste åra.
– Sidan 2015 har Noreg hatt ein nasjonal bibliotekstrategi, og biblioteka har jobba målretta for å nå fleire med fleire arrangement og aktivitetar. No ser vi verkeleg verknaden av dette arbeidet, seier Tinnesand.