Digitalisering

Nasjonalbiblioteket digitaliserer systematisk heile samlinga si og dokumentarva til norske museum, bibliotek og arkiv.

Pliktavleveringslova sikrar at alt som blir publisert i ulike typar medium, blir avlevert til Nasjonalbiblioteket. På Nasjonalbiblioteket blir materialet digitalisert for bevaring, og gjort tilgjengeleg forsking og allmenn nytte. Den digitale samlinga inneheld materiale frå mellomalderen og fram til i dag.

Den systematiske digitaliseringa av kulturarven starta i 2006.

Bevaring

Nasjonalbibliotekets samling er ein viktig del av vårt kollektive minne som nasjon. Å digitalisere samlinga er med på å bevare henne for komande generasjonar. Sikkerheit, skalerbare løysingar og tilstrekkeleg kapasitet for migrering og konvertering av digitalt innhald er viktige element i det digitale bevaringsarbeidet.
Nasjonalbiblioteket tilbyr òg bevaring av digitalt innhald frå andre kulturinstitusjonar i Noreg.

Digital avlevering

Parallelt med digitaliseringa av analogt materiale arbeider Nasjonalbiblioteket for å auke den digitale pliktavleveringa. Nasjonalbiblioteket ønskjer å få avlevert det digitale utgangspunktet for utgivinga. På den måten blir samlinga utvida med digitalt innhald.

Les meir om digital avlevering

Formidling

Materiale som ikkje er verna av opphavsretten, blir gjort tilgjengeleg for alle på internett. Der vi har avtaler med opphavsrettsorganisasjonar, får brukarar med norske IP-adresser også tilgang til materiale som er verna av opphavsretten gjennom nettbiblioteket nb.no. Heile den digitale samlinga, inkludert materiale som er verna av opphavsretten, er tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon i lokala til Nasjonalbiblioteket. Det kan óg søkast om utvida, digital tilgang med same formål på nb.no.

Kulturarvdigitalisering

På oppdrag frå Storting og Regjering har Nasjonalbiblioteket oppskalert digitaliseringa i Mo i Rana. Frå 2020 kan norske arkiv, museum og bibliotek inngå avtale med Nasjonalbiblioteket om å få digitalisert dokumentbasert kulturarv frå sine samlingar. Dette bidreg til at heile den norske kulturarven blir bevart digitalt og kan formidlast breiare enn i dag.

Les meir om kulturarvdigitalisering