Logg inn English

Åse Wetås blir ny nasjonalbibliotekar

Kvinne med lyst hår og briller som smiler.
Åse Wetås. Foto: Moment studio

Åse Wetås er utnemnd til ny nasjonalbibliotekar av Kongen i statsråd.

– Etter ti år i som direktør i Språkrådet gler eg meg til å ta fatt på nye oppgåver saman med flinke fagfolk i Nasjonalbiblioteket, seier Åse Wetås i ein kommentar. 

Nøyaktig tidspunkt for tiltreding er ikkje endeleg avklart, men det blir teke sikte på første halvdel av april. 

–  Me gler oss til å få Åse på plass som ny sjef og at ho leiar oss trygt inn i ei framtid med nye utfordringar, uttaler Trond Myklebust,  som leiar Nasjonalbiblioteket inntil ny nasjonalbibliotekar er på plass i april.  

Åse Wetås er 53 år gammal og buset i Drammen med mann og ei snart 20 år gammal dottar. 

Ho har eit hovudfag i nordisk språk- og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og ein doktorgrad (dr.art.) i nordisk språkvitskap frå same stad. Hovudoppgåva handla om namneskiftet frå Kristiania til Oslo, medan doktoravhandlinga studerte bortfallet av kasus i mellomnorsk språk (perioden 1350-1500). I fagkrinsen sin har ho i tillegg engelsk og lingvistikk, og dessutan første året av embetsstudiet i medisin.  

Frå 2005 til 2008 arbeidde ho som forskar i prosjektet Norsk Ordbok 2014 ved Universitetet i Oslo. Frå 2008 og fram til fullføringa av ordboksverket seinhausten 2015 var ho direktør for prosjektet, som i full drift hadde opp mot 35 heiltidssette til forskarar lokaliserte ved UiO (hovudredaksjon) og NTNU. 

Frå desember 2015 og fram til i dag har ho vore direktør i Språkrådet.