Fantastiske fremtider del 24 av 39

Vegen til røynda? Bjørn Vatne, Lyra Koli og Audun Lindholm

5. februar kl. 18:00 - 19:00 Gratis inngang

Informasjon

Er oppsvinget vi ser av science fiction-innslag på den litterære arenaen, fyrst og fremst ei diagnose på samtida? Har røynda blitt for kompleks til at ho kan formidlast innanfor realismen sine rammer? Bjørn Vatne sin roman Nullingen av Paul Abel og Lyra Koli sin Allting växer er to av romanane frå det siste året som beveger seg inn mot den fantastiske litteraturen sine tradisjonar. No møter dei Vagant sin redaktør Audun Lindholm til samtale om skandinaviske framtidsforteljingar.

Skandinaviske framtider

Sidan november har Nasjonalbiblioteket sett på korleis framtida har sett ut gjennom fortida si kulturhistorie. Framtida forandrar seg heile tida, og i dag lever vi på mange vis i den røynda science fiction frå fortida har skildra: Kunstig intelligens og algoritmar er ein del av kvardagen vår, menneskeliknande robotar og teknologi som implementerast i kroppane våre, er ikkje lenger fiksjon og spekulasjon. Utviklinga pressar fram store, filosofiske spørsmål: Kva er eit menneske? Og kva for ei verd er vi i ferd med å skape?

Dei siste åra har ein kunne ane eit oppsving i dystopiar og framtidsforteljingar frå skandinaviske forfattarar. Romanar, dikt og noveller om djupe, kollektive medvit integrert i hjerneborken, om klimakontrollerte soner, kyborgar og ein stadig mørkare horisont. Kvifor kjem dette akkurat no? Og korleis stiller denne litteraturen seg til den klassiske science fiction-tradisjonen?

Vi har samla fem skandinaviske forfattarar som har skrive seg inn mot denne tradisjonen, og inviterer til to dagar med samtaler og opplesingar. Kva for litterær og politisk kraft finst i dei fantastiske forteljingane og i science fiction som metode?