13
des

Tonar frå framtida. Maja Ratkje, Synne Skouen og Erling Sandmo

Bilde av Skouen, Ratkje og Sandmo
Torsdag 13. desember 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Bjørn Fongaard sitt verk Science Fictions (1964) blei komponert for ein teknologi og instrumenter som enno ikkje fanst. Mozart sin K.617 for mekanisk orgel går inn i 1700-tallsdraumane om mekanisk musikk. Den framtidsretta musikaren John Cage gav oss ein visjon av musikk skapa av publikum sjølv, i absolutt notid, med verket 4.33. Kan ein skrive musikk for ei ukjend framtid? Korleis formidlar ein musikalske visjonar og håp for ei tid og ei verd ein ikkje kjenner?

Komponistane Synne Skouen og Maja Ratkje og historikar og musikkritikar Erling Sandmo reiser tilbake til musikkhistoria sine mange ulike framtider og ser på utvalde verk, teknologi og visjonære tonar.