29
nov

Til Mars! Helaften om den raude planeten

Bilde fra Mars
Torsdag 29. november 2018, at 19:00 – 23:00
Nasjonalbiblioteket

Mars er den mest populære planeten i science fiction-historia. Dei siste hundre åra har både draumen om å busette seg på den raude planeten og frykta for ein jordisk marsbuarinvasjon stadig dukka opp i film, litteratur og musikk. I dag er fortida sine framtidsvisjonar om Mars nærare å bli verkelege enn nokon gong. Korleis blir livet for menneska på Mars? Og korleis har science fiction og vitskapen påverka kvarandre for å kome dit vi er i dag?

Nasjonalbiblioteket inviterer til helaften om Mars i fiksjon og forsking, i fortida og framtida.

Kl. 19.00: Ein blodraud planet?

Foredrag ved Eirik Newth

Den tyske rakettforskaren Wernher von Braun starta si karriere i Nazi-Tyskland og enda som det amerikanske romprogrammet sin far. I 1952 gav han ut Das Marsprojekt, ei bok med diagram og berekningar som opphavleg var appendiks til ein ikkje utgjeven science fiction-roman. Den engelske utgåva av boka blei utgangspunkt for eit samarbeid med Walt Disney og førte ideen om å reise til Mars ut til folk flest og inn i den amerikanske storpolitikken. Astrofysikar Eirik Newth fortel om von Braun, om samspelet mellom visjonar og vitskap.

Kl. 20.00: Abels tårn: Kvifor leve på Mars?

Andrea Owe, Eirik Newth og Petter Bøckman i samtale med Torkild Jemterud

Kva i all verda har vi på Mars å gjere? Kanskje har dette spørsmålet vore for langt bak i medvitet når draumen om å kolonialisere den raude planeten har vekse fram, men på den andre sida: Kvifor skulle vi ikkje dra til Mars? Finst det faktisk liv der? Kva konsekvensar får det for eit eventuelt økosystem at menneske reiser dit? Spørsmåla er mange i NRK sitt radioprogram Abels tårn, men det er også svara.

Kveldens svarpanel er samansett av rometikar Andrea Owe, forfattar og astrofysikar Eirik Newth og biolog Petter Bøckman. Torkild Jemterud frå Abels tårn held i spakane.

Kl. 21.00: Robinson Crusoe on Mars (1964)

Filmvisning (110 min)

Robinson Crusoe on Mars er ein slags moderne robinsonade der den aude øya er bytta ut med ein tilsynelatande aude planet. Men kva møter eigentleg kommandør Draper og apen Mona på Mars? Filmen er regissert av Byron Haskin.