Tida i historia. Føredrag ved Helge Jordheim


Historikarar arbeider med tida, både som material og som ein måte å organisere hendingar og erfaringar på. Tid er ein føresetnad for å lage samanhengar, og etablere årsaker og verknader. Men tid er òg i seg sjølv historisk: Menneske til ulike tider har erfart og organisert tid på ulike måtar. Kva er gjeldande tid? 6000 år sidan skapinga, 13 milliardar år sidan byrjinga på universet, eller den moderne tidsalder med sine 300 år? Er den historiske tida den same overalt, eller avhengig av geografi og kultur?
Professor i kulturhistorie Helge Jordheim er involvert i fleire forskingsprosjekt som undersøkjer tid i lys av mellom anna globalisering og geologi. No gjev han oss ei innføring i korleis historikarar nyttar tid og samstundes lagar ho.
Arrangementet er ein del av serien «Historisk».
28.10 | Kjelder og kjeldekritikk. Føredrag ved Mona Ringvej
4.11 | Ei historisk forklaring. Føredrag ved Knut Kjeldstadli
25.11 | Tida i historia. Føredrag ved Helge Jordheim
2.12 | Kva skal vi med historie? Føredrag ved Erling Sandmo
HISTORISK
Om vi skal forstå vår eiga samtid, må vi òg kjenne historia til dei som levde før oss. Men korleis blir forteljingane om folk, nasjonar og verda eigentleg til? Korleis les ein gamle kjelder, når tida dei blei skrivne i var ei helt annan? Og kva funksjon har historia eigentleg i samfunnet rundt oss?
I haust inviterer Nasjonalbiblioteket til ei føredragsrekkje om historisk teori og metode for alle som vil vite meir om korleis historia blir til. Kva er det viktigaste ein historikar må ta omsyn til, når historia om oss blir skrive?