Sy din eigen skinnpose –verkstad i skinnsøm

På dette kurset lærer du om garving og korleis dyrehud blir behandla for å bli til skinn og lêr. Du får òg sy din eigen pose i bork-garva reinskinn.
– Skinn er eit av dei eldste og mest slitesterke materiala vi har brukt til å lage klede, seier kurshaldar Sofie Kleppe. For fiskarane og sjøfolka langs norskekysten var skinnhyra eit livsviktig plagg. Også polfararar som Nansen og Amundsen brukte klede av skinn på ekspedisjonane sine. Men tradisjonane som er knytte til bruk av dette naturmaterialet, held på å forsvinne. Sofie Kleppe er stipendiat ved Norsk håndverksinstitutt, der ho forskar på korleis ein har laga og brukt friluftsklede i Noreg. Ho har meisterbrev i tradisjonell garving frå Finland, og er medeigar i Ulu of Norway.
Det er 20 plassar per kurs, meld deg på her for å sikre deg plass:
https://pameldinger.no/e/rjtgnw
Dette kurset og alle dei andre arrangementa på handverksfestivalen er gratis. Les meir om programmet her: www.nb.no/hva-skjer