Etande foredrag: sju tørre slag til jul!


Kva skal skje?
I dette foredraget fortel kulturhistorikar og konservator ved Norsk Folkemuseum Bjørn Sverre Hol Haugen om julebakst. Undervegs serverer Credo smaksprøver av kjende og ukjende julekaker.
Dei sju slaga har røter tilbake til 1800-talet, då støypejernskomfyren blei meir vanleg i norske heimar, men er dei eigentleg julekaker? Nokre av kakene, slik som krumkaker og goro, har endå eldre røter og blei opphavleg steikte i jern over open eld. Hol Haugen fortel om eigne lokale favorittar, ulike ingrediensar, teknikkar og trendar, og korleis kakene har samanheng med både kristendom og folketru.
Kven møter du?
Bjørn Sverre Hol Haugen er kulturhistorikar og jobbar som førstekonservator ved Norsk Folkemuseum. Han er også er ein ivrig heimebakar, og han har skrive om norske juleskikkar – i tillegg til å formidle dei på museum.
Merk: Dette foredraget vert halde av Bjørn Sverre Hol Haugen, ikkje Bodil Nordjore, som tidlegare annonsert.
Når og kvar?
Torsdag 11. desember kl. 18–19
Nasjonalbiblioteket, Bakgården kantine – inngang frå Observatoriegata.
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket
Treng du billett?
Verkstaden/arrangementet er gratis, men du må ha billett for å sikre deg plass. Hent billett her!
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar, smårettar og bakst.
Velkommen!