26
mar

«Skjønhedens Guddom». Trond Berg Eriksen om Marcus Jacob Monrad 

Bide av Monrad og Berg Eriksen
Tirsdag 26. mars 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Filosofen, kritikaren og professoren Marcus J. Monrad  (1816–1897) var ein sentral skikkelse i norsk filosofi og prega filosofiundervisninga meir enn nokon på 1800-talet. I Monrad sin estetikk var venleik, harmoni og guddom sentrale omgrep, og han var ein iherdig motstandar av dei nye positivistiske retningane som kom i 1870-åra. Som flittig skribent i dagspressa hadde han stor påverknadskraft, men vakte også strid langt inn i ettertida.

Trond Berg Eriksen er forfattar og professor emeritus i idéhistorie ved Universitet i Oslo. I dette føredraget ser han nærare på M.J. Monrads estetikk og tankane hans om kunsten sin karakter og sine vilkår.

Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar.