5
des

Serielesing. Tor Eystein Øverås, Janneken Øverland og Bernhard Ellefsen

Bilde av flere bøker i "Den gule serie"
Foto: Jørn Roeim
Torsdag 5. desember 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Gjennom «Den gule serie» introduserte Sigurd Hoel norske boklesarar for samtidas utanlandske kvalitetslitteratur i åra mellom 1929 og 1959. Så følgde «billigbokrevolusjonen» i 1960- og 70-åra, der mellom anna Gyldendals «Fakkel»- og «Lanterne »-seriar prega norsk offentlegheit.

Korleis påverka serieformatet den litterære sfæren? Blir mottakinga annleis når eit verk blir presentert som del av ein serie? Kva er det som gir ein serie gjennomslagskraft, og kva for status har seriane i bokbransjen i dag?

Tor Eystein Øverås, som skriv på eit verk om billigbokrevolusjonen frå 1961–85, og litteraturhistorikar og tidlegare forleggar Janneken Øverland møtast til ein samtale som blir leia av kritikar i Morgenbladet Bernhard Ellefsen.

Gratisbillettar er tilgjengelege på nb.no frå 21. november.