Samlande salmar

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strømma direkte på facebook og nb.no.
Den folkespråklege salmediktinga har alltid hatt ein stor plass i kyrkja. Med reformasjonen blei salmesongen særleg viktig for å sameine den teologiske læra med livserfaringane til folket, og utover 1500- og 1600-talet fekk salmediktinga eit stort oppsving. Ein av dei mest populære salmeskrivarane var ei kvinne: Dorothe Engelbretsdatter. Den første boka hennar, Siælens Sang-Offer, blei gitt ut i Christiania i 1678 og kom i heile sju utgåver berre i hennar levetid.
Kva plass har salmane hatt i den kyrkjelege offentlegheita og i koplinga mellom kyrkja og allmugen? Og korleis kunne det ha seg at ein kvinneleg forfattar fekk så stor gjennomslagskraft i ei tid der kvinner elles hadde liten tilgang til det offentlege rommet? Kari Veiteberg, biskop i Oslo, og artist Kari Bremnes møter forfattar og journalist Alf Kjetil Walgermo til samtale om salmesong, Engelbretsdatter og kyrkja i offentlegheita.
I åra framover vil Nasjonalbiblioteket formidle utstillinga Opplyst til alle i Noreg. Vi går i djupna på enkeltobjekt i utstillinga, og løfter samstundes blikket mot offentlegheita og historiene om ho, før og no.
Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.
På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing.
Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.
Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.