Reparasjon og stell av gammal trebåt

Kva skal skje?
Open verkstad med vedlikehald og reperasjon av oselvar.
Oselvaren er ein over tusen år gammal type trebåt med røter frå Os i Hordaland. På 1800-talet var den raske, lette og trygge oselvaren den mest brukte båten i området rundt sørvestkysten i Noreg. Måten vi byggjer han på, blei teken inn på UNESCOS liste over immateriell kulturarv i 2016. Vi har frakta ein tradisjonell oselvar til Nasjonalbiblioteket, slik at du kan sjå fagfolk stelle med klinkbåten.
Kven møter du?
Trond Solberg er kunsthandverkar og aktiv båteigar i Akerselva trebåtforening. Han er oppteken av at folk skal vite at det finst noko mellom kunsthandverk og industri, at det er mykje ein kan få til sjølv med litt øving. Til dagleg driv Trond eit firma som teiknar og lager konstruksjonar og utsmykkingar i tre.
Når og kor?
Fredag 12. september kl. 16–20
Laurdag 13. september kl. 10–16
Nasjonalbiblioteket, uteområdet ved Solli plass.
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket.
Treng du billett?
Det er gratis og du treng ikkje billett.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her!
Mat og drikke
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. I Nasjonalbibliotekbaren kan du nyte småmat og forfriskingar, og i løpet av hausten opnar bakeri, kantine og restaurant: https://www.nb.no/ombygging
Med kunnskap om og respekt for jorda og råvarene skaper Credo måltid der fortid, notid og framtid møtast.