21
jan

Professorpolitikaren. Rune Slagstad om Anton Martin Schweigaard

Bide av Schweigaard og Slagstad
Anton Martin Schweigaard av Alfred Fosterud. Eier Norsk Folkemuseum. Foto Slagstad: Øyvind Næss/Dreyers forlag
Mandag 21. januar 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Anton Martin Schweigaard (1808–1870) var jurist, økonom og politikar, og blir rekna som ein av dei viktigaste intellektuelle storleikane i Noreg på 1800-talet. Med avhandlinga Indførselstolden og dens Historie la han i 1836 grunnlaget for ein norsk frihandelspolitikk, og lærebøkene han skreiv, prega norsk rettsvitskap og rettspraksis lenge etter han var død. På Stortinget stod Schweigaard fremst i kampen for utbygging av jernbanar, post og telegraf, og han hadde avgjerande innverknad på utforminga av den norske handels- og toll-lovgjevinga.

Rune Slagstad er sosiolog, idéhistorikar og rettsteoretikar. I dette føredraget ser han nærare på korleis den nasjonale strategen A.M. Schweigaard har prega den økonomiske og rettsvitskaplege tenkinga i Noreg.

Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar.