Olav Duun 150 år


21. november er det 150 år sidan Olav Duun vart fødd.
Det markerer vi med eit arrangement i Store Auditorium på
Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate 110 i Oslo
på sjølve fødedagen, laurdag 21. november, kl. 13.00.
Programmet omfattar:
– Helsing ved Trine Skei Grande, direktør i Den norske
Forleggerforening, styreleiar i Det Norske Teatret, namdaling og
Duun-entusiast.
– Panelsamtale om Duuns dikting med forfattar og kritikar Kaja
Schjerven Mollerin og Duun-kjennarane Grethe Fatima Syéd og
Einar Vannebo.
– Opplesing ved skodespelar Geir Kvarme, sist sett som Didrik i
oppsettinga av Medmenneske på Det Norske Teatret våren
2026.
– Musikalsk innslag ved trekkspelaren Bjørn Petter Tøsse, som
m.a. byr på musikk frå Jøa.
Inngangspengar kr 150 på Vipps eller i kontantar ved
inngangen. Studentar gratis.
Inngangsbilletten er også lodd i utlodning av m.a. Duunbøker og merch.
Velkommen!
Arrangørar:
Duun-ringen, Olav og Emma Duuns stiftelse, Gruppe 65,
Bondeungdomslaget.