Norske filmskatter: Reisen til julestjernen (1976) filmvisning og samtale

År etter år ser vi dei same julefilmane. Manglar vi kritisk sans og fantasi når vi set oss framfor eit nostalgisk jule-epos vi kjenner frå start til slutt?
Når Nasjonalbiblioteket viser 70-talsklassikaren Reisen til julestjernen (1976), skal vi kose oss med mellomalderkostyma, dei nylagde krøllene til Hanne Krogh og Harald Heide Steen jr. si traktering av lutt.
Men panelet vårt må også denne gongen drøfte om det er ei god filmforteljing vi kan tru på, og om skodespel og dialogar held mål.
Mangeårig filmkritikar Brita Møystad Engseth høyrer til dei som ikkje let nostalgien ta overhand, heller ikkje i jula. Men kva for kvalitetar vil ho sjå i denne gamle klassikaren?
Kostymedesignar Alva Brosten ser Reisen til julestjernen kvar jul, og som lita drøymde ho om å bli med ein teatertrupp på turné slik som Sonja. Oppdagar ho svakheiter ved filmen når ho blir mildt pressa til å sjå den med kritiske auge?
Samtalen blir leia av Vanja Henrikke Ødegård.
Velkomen til førjulsstemning – med popkornmaskina klar i Kafé Å.
Det er gratis å kome, og vi legg ut billettane tre veker før arrangementet.
Det er gratis å kome, hent billett her: https://pameldinger.no/e/vzaqly