4
sep

Noregshistoria gjennom kart

Kartutsnitt
Kart fra Jonas Ramus' bok Ulysses & Outinus unus & idem fra 1713. Nasjonalbiblioteket
Onsdag 4. september 2019, at 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Erling Sandmo, Mona Ringvej og Finn Erhard Johannessen om kva kart kan fortelje.

Frå 1482 og fram til i dag har karta synt oss grensene for landet, men kan dei også fortelje oss meir? Er det mogleg å spore noregshistoria gjennom kart? For å sjå nærare på desse spørsmåla tek Erling Sandmo med seg to andre historikarar, Mona Ringvej og Finn Erhard Johannessen, opp på scena. Her brukar dei eit knippe utvalde kart frå Ginsberg-samlinga og andre kart frå Nasjonalbibliotekets samling for å undersøke korleis historiske noregskart speglar ulike interesser, ulike maktforhold, ulike verdsbilete. Kvar går eigentleg grensa for kva karta kan fortelje?

Arrangementet er del av opningsveka for Nasjonalbiblioteket sitt kartsenter. Les meir på www.nb.no/kartsenteret.