Fantastiske fremtider del 17 av 39

Mennesket vs. maskin. Kunstig intelligens i fiksjon og framtid

4. desember 2018 kl. 19:00 - 20:00 Gratis inngang

Informasjon

Skynet, Matrix, Ultron, Eradicator, Cylons, HAL 9000. Mengda kunstige intelligensar i populærkulturen si historie fortel noko om kor lenge, og kor djupt, vi har late oss fascinere av å skape liv som liknar oss sjølve. Kva seier desse forteljingane oss om skilnaden mellom mennesket og maskina? Og kva skjer om robotane vi skaper, vert smartare enn oss?

I boka In Our Own Image søker vitskapsformidlar og kunstig intelligens-ekspert George Zarkadakis etter svara i alt frå gamle myter, via Frankenstein til Blade Runner, og han argumenterer for at vi er på veg inn i ein ny industriell revolusjon. Kanskje er den største faren med kunstig intelligens at den skal ta frå oss det som gjer oss menneskelege?

Forfattar og journalist Bår Stenvik skriv om kunstig intelligens i mellom anna sin kritikarroste roman Informasjonen. No møter han Zarkadakis, som er ein av innleiarane ved AI-konferansen «Fantastic Futures», til samtale.

Kommende arrangementer

Arrangement

Bøker og lesarar – 1519. Bokhistorisk seminar om dei fyrste bøker trykte for Noreg

Ons. 22.mai kl.09:30Direkte nå
Gratis inngang
Read article "Bøker og lesarar – 1519. Bokhistorisk seminar om dei fyrste bøker trykte for Noreg"

Arrangement

Nye katalogiseringsreglar. Introduksjon til Resource Description and Access (RDA)

Ons. 22.mai kl.12:00Direkte nå
Gratis inngang
Read article "Nye katalogiseringsreglar. Introduksjon til Resource Description and Access (RDA)"

Arrangement

Historia tok til langt tidlegare. Edvard Hoem og Aslak Sira Myhre

Ons. 22.mai kl.20:00
Gratis inngang
Read article "Historia tok til langt tidlegare. Edvard Hoem og Aslak Sira Myhre"