Logg inn English
15
sep

Mat frå havet

Fem fiskere som står og fileterer fisk på en båt
Postkort av fiske. Fotografiske postkort S/H, 1900-1970
Postkort av fiske. Fotografiske postkort S/H, 1900-1970
Mandag 15. september 2025, at 09:00 – 13:00
Nasjonalbiblioteket – Skolebesøk
Gratis

Nasjonalbiblioteket og Credo kompetansesenter inviterer restaurant- og matfagelevar til å utforske mat frå havet under årets Handverksfestival.

I løpet av dagen skal elevane innom flere stasjonar, der dei får ta del i handverket, foredlinga og historia om maten vi får frå havet. Målet er å vekke undring, nysgjerrigheit og sanselege opplevingar. Det heile blir avslutta med ein felles lunsj som elevane og kokkar frå Credo lagar saman undervegs.

Credo har sterke band til norske mattradisjonar, og i 2019 fekk restauranten si første Michelin-stjerne. I 2024 flytta Credo til Nasjonalbiblioteket for å drive serveringstilbod og formidling av norsk matkultur.

Dette skuletilbodet er reservert for elevar frå restaurant- og matfag, og prinsippet om «førstemann til mølla» gjeld. Det er berre mogleg å melde på éi klasse per skule. Verkstaden varar i 4 timar.

Påmelding

Send e-post til skole@nb.no. Ver vennleg å skrive:

Kva arrangement:
Ønska dato og tidspunkt:
Skule:
Fag:
Trinn og tal på elevar:
Telefonnr. til læraren: