Arrangement
14
sep

Lydspora som endra oss: Frost av Enslaved (1994)  

Halvtotal av tre skumle menn i heavy metal-klær ser skummelt inn i kamera. Den midterste står i bar overkropp.
Torsdag 14. september 2023, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Lydspora som endra oss
Gratis

Vi hentar fram mastertapane til Frost, eit album fylt av ungdommeleg energi, frå tidleg i karrieren til svartmetallbandet Enslaved. Musikkprodusent Eirik «Pytten» Hundvin og gitarist Ivar Bjørnson møtest på scenen for å fortelje om innspelinga av albumet i Grieghallen studio i 1994.

Saman med komponist, musikar og produsent Erlend Mokkelbost, skal dei nærlytte til utvalde spor, dele anekdotar og kaste lys over kvifor dette albumet held seg så godt. – Det læt framleis friskt, og sjølv om musikarane var svært unge, var dei overraskande kompetente, seier Pytten.

Norske Enslaved er eit av dei mest sentrale og lengstlevande banda innanfor svartmetall. Dei debuterte med Vikingligr Veldi i 1994, og seinare same året kom Frost. Enslaved har mottatt ei rekkje prisar for musikken sin, og turnerer framleis verda rundt.

Eirik «Pytten» Hundvin var musikkprodusent i Grieghallen studio og kom tidleg på 90-talet i kontakt med fleire av aktørane innan svartmetall. Band og artistar som Mayhem, Gorgoroth, Emperor, Immortal og Burzum har spelt inn musikk med Pytten ved miksepulten.

Arrangementet blir strømma.

Billettar kan du hente her!

Få også med deg omvising klokka 18 i utstillinga «Dårlig stemning. Lyden av følelser i norsk svartmetall» før ho stengjer dørene 16. september.