12
sep
Lær å teikne sjømannstatovering

Fredag 12. september 2025, at 12:00 – 14:30
Gratis
Ankeret er eit av dei mest klassiske motiva ein kan velje å få tatovert på kroppen. Motivet viser også det tette bandet mellom tatoveringar og sjøfart i vestleg kultur. I verkstaden lærer elevane å teikne klassiske sjømannstatoveringar. Dei får lære om symbolikken bak mange av dei ikoniske motiva, og om ulike teknikkar.
Kursleiar Tor Ola Svennevig er tatovør og forfattar. I kurset fortel han også om norsk tatoveringshistorie, og om korleis denne knyter seg til sjømannskulturen og tema som identitet, tilhøyrsle og heimlengt.
Dette skuletilbodet er reservert for elevar frå handverk, design og produktutvikling (HDP) og naturbruk. Verkstaden varar i 2 1/2 time.