Kveldsskolen: Kor demokratisk er eigentleg Noreg? Foredrag med Carl Henrik Knutsen


Kva skal skje?
Noregs demokrati blir ofte omtala som robust, men kor slitesterkt er det? I dette foredraget vil professor Carl Henrik Knutsen ta føre seg kva som kjenneteiknar eit demokrati, korleis denne styreforma har oppstått, historia til demokratiet i Noreg og kva som kan utfordre det.
Kven møter du?
Carl Henrik Knutsen (f. 1981) er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og ein internasjonalt leiande demokratiforskar. Han har mellom anna skrive boka Hva er demokrati? (Universitetsforlaget 2026)
Når og kor?
Torsdag 12. november 18–19
Nasjonalbiblioteket, Målstova
inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha billett for å sikre deg plass. Billett er tilgjengeleg 3 veker før arrangementet.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Velkomen!