Logg inn English
2
des

Kva skal vi med historie? Føredrag ved Erling Sandmo

Lørdag 2. desember 2017, at 14:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket

Kva fortel fortida oss om kven vi er i dag? Menneskja handlar og lever i fellesskap og samfunn som mellom anna byggjer sin identitet på korleis vi tolkar og skriv historia. Kva funksjon har historia hatt i samfunnet før oss, og kva funksjon har ho i dag?
Historieprofessor og forskar II ved Nasjonalbiblioteket, Erling Sandmo, tok i boka Tid for historie (2015) for seg historia si eiga historie. No ser han nærare på kvifor det er så viktig å forstå fortida, og korleis historie verkar i eit samfunn.

Arrangementet er ein del av serien «Historisk».

28.10 | Kjelder. Føredrag ved Mona Ringvej
4.11 | Ei historisk forklaring. Føredrag ved Knut Kjeldstadli
25.11 | Tida i historia. Føredrag ved Helge Jordheim
2.12 | Kva skal vi med historie? Føredrag ved Erling Sandmo

HISTORISK
Om vi skal forstå vår eiga samtid, må vi òg kjenne historia til dei som levde før oss. Men korleis blir forteljingane om folk, nasjonar og verda eigentleg til? Korleis les ein gamle kjelder, når tida dei blei skrivne i var ei helt annan? Og kva funksjon har historia eigentleg i samfunnet rundt oss?

I haust inviterer Nasjonalbiblioteket til ei føredragsrekkje om historisk teori og metode for alle som vil vite meir om korleis historia blir til. Kva er det viktigaste ein historikar må ta omsyn til, når historia om oss blir skrive?