19
nov

Kortfilmkveld. Kroppen, samfunnet og framtida

Bilde fra Sniffer
Mandag 19. november 2018, at 20:30 – 22:00
Nasjonalbiblioteket

A(r)men: Arne mister ein arm i ei ulykke, men mirakuløst nok veks ein ny arm ut. Den nye armen har eigen vilje og makt. (Kortfilm, 15 min. Thomas Lunde, 2013).

Ufødt / The Unborn Identity: Har du nokon gong lura på kvifor du blei fødd? Kvifor dette kjønn, kvifor med denne utsjånaden, kvifor på denne staden? (Kortfilm/studentarbeid 13 min. Henrik Horgen, 2010).

Tørt og kjølig: Vi møter ein mann som er ekspert i å preservere forbrytarar og vanskelegstilte menneske for framtida. Men kven skal eigentleg frysetørkast og arkiverast, for om mogleg å gjenopplivast seinare? (Kortfilm, 12 min. Kristoffer Joner, 2008).

Bak lukkede dører: Ein skremmande framtidsvisjon om å ende i koma. (Kortfilm, 13 min. Aleksander L. Nordaas, 2008).

Sniffer: Filmen handlar om eit samfunn der alle kan sveve, men dei blir haldne nede av reglane i samfunnet, som ikkje tillét at folk svevar. Yrket til hovudpersonen Douglas er å sniffe menn i armholene for å teste deodorantar. Ein dag får han nok av arbeidet, trassar overmakta og vågar seg ut i det ukjende. Filmen vann Gullpalmen for beste kortfilm i Cannes. (Kortfilm, 10 min. Bobbie Peers, 2006).

Visninga er del av Nasjonalbibliotekets filmprogram «Sideblikk på sivilisasjonen – science fiction i norsk film».