Kartforedrag: Skal det hete Wig eller Vik?


Kva skal skje?
I dette foredraget med spesialbibliotekar og kartekspert Anders Kvernberg får vi sjå døme på fantasifulle stavemåtar og bitre bygdekranglar om norske stadnamn. Som ein del av nasjonsbygginga på 1800-talet blei geografiske namn endra for å signalisere avstand til den danske kolonimakta, og inspirasjonen blei henta både frå det norrøne og frå talemålet. Men denne endringa førte også til forvirring og debattar om namn, språk og identitet.
Kven møter du? Anders Kvernberg er spesialbibliotekar og kartekspert ved avdeling for fag og forsking ved Nasjonalbiblioteket. Du finn meir frå han i videoserien «Kort om kart» her: Kort om kart – YouTube
Når og kor?
Tysdag 12. mai kl. 18–19
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha billett for å sikre deg plass. Hent billett her.
Arrangementet er gratis, men du må ha husbillett for å sikre deg plass i hovudsalen Målstova eller eit anna rom på huset der arrangementet blir vist på storskjerm. Merk at billetten berre sikrar plass på huset. Vil du sitje i hovudsalen, må du vere tidleg ute. Dørene opnar 30 minutt før arrangementet startar. Ubrukte plassar blir fristilte ti minutt før.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet her, og opptaket ligg ute i 14 dagar her: Nasjonalbiblioteket TV
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Velkomen!