6
mar

Hurtigkirurgi og bartskjerar, morfinsprøyter og etergass. Egil A. Fors

Illustrasjon av amputasjonsredskap og bilde av Fors
En manns arm bindes fast før amputasjon. Anestesi fantes ikke. Ill. fra en av Ambroise Parés bøker om kirurgiske inngrep. Foto Fors: Spafo Norge
Onsdag 6. mars 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

 Om smertemedisinen si historie i Noreg.

Historia om smertemedisinen er ei kompleks forteljing. Ein har tydd til alt frå uheldige astrologiske konstellasjonar til trolldom og demonar for å forklare smerte. Samstundes har ein sett på smerta som både karakterbyggjande og essensiell for å bli frisk. Lenge fanst der lite lindrande behandling, men mykje vart utprøvd: alt frå reinsdyrurin og beverkjertlar – til morfin.

Egil A. Fors er professor dr.med. i allmennmedisin ved NTNU, smertelege og spesialist i psykiatri, leiar av Norsk forening for smertemedisin og overlege i smerterehabilitering ved Coperiosenteret i Trondheim. Han skriv om smerte i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår.

Serie: Norsk medisinhistorie

På 1700-talet var ikkje Noreg ein sjølvstendig nasjon, men vi hadde like fullt vår eigen sjukdom: radesjuken. Ein sjukdom vi framleis ikkje veit kva var, sjølv om han var rekna som det største helseproblemet i si tid. I gamle dagar var kirurg synonymt med barberar, og det var fyrst på slutten av 1800-talet at du kunne rekne med å få bedøving under ein operasjon. Dette var ei tid då det å bli innlagd på sjukehus var ein risikabel affære, og utbreiinga av syfilis gjorde at naselause individ ikkje var eit uvanleg syn på gata.

På berre hundre år forandra alt seg. Vi gjekk frå brutale sjukdomar til pleie, smertelindring og læking under hygieniske forhold. Denne våren gjev Nasjonalbiblioteket ut boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie. Vi har invitert nokre av forfattarane til å fortelje om dei framstega og feilskjera som har lagt grunnlaget for moderne medisin i Noreg.