Digitalt arrangment
26
mar

Hulda Garborgs dagbok. Digitalt foredrag ved Arnhild Skre

Torsdag 26. mars 2020, at 19:00 – 20:00
Kulturhistorie rett heim! Formiddag og kveld legg Nasjonalbiblioteket ut korte og lange digitale foredrag om nær og fjern kulturhistorie, frå gode formidlarar som fortel rett frå si eiga stue.
Denne kvelden kan du høyre historikar, forfattar og skribent Arnhild Skre fortelje om Hulda Garborgs dagbok. Dagboka, som strekker seg frå 1903 til 1934, skildrar framveksten av kulturlivet i det nye Noreg, landets politiske og økonomiske liv, og korleis dette seinare blir kasta rundt på. Hulda Garborg sjølv er sentralt plassert som aktør og observatør på fleire arenaer, både i det meste av Noreg og ute i Europa.
Kanskje er dagboka hennar den mest omfattande og innhaldsrike dagboka som er bevart frå perioden?
Dagbøkene finst digitalisert på nb.no. Les dagboka som strekker seg frå 12.3.1933 til 17.1.1934 her: https://www.nb.no/items/a6809b06b234a04d5b0c59fb8eac9145?page=1&searchText=Hulda%20Garborg
Foredraget blir spelt inn via foredragshaldaren si datamaskin heimefrå.
Video kjem her, og foredraget startar kl. 19. Følg med!