27
sep

Høtt sa du? Dialektkonkurranse med Linda Eide, Åse Wetås, Arne Torp, Tor Erik Jenstad, Trine Skei Grande og Sigbjørn Johnsen

Torsdag 27. september 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Mellom fjell og fjordar har dei norske dialektane funne si form heilt sidan før norrøn tid. Korleis vi snakkar, seier noko om kven vi er, og kvar vi kjem frå.

Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. Fredagar på 80-talet sat vi klistra til TV-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga…». For tredje gong blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i det talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar og Åse Wetås domar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Arne Torp og Tor Erik Jenstad, kulturminister Trine Skei Grande og fylkesmann i Hedmark, Sigbjørn Johnsen, konkurrere med kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokopar og kløyvd infinitiv.

Arr.: Språkrådet og Nasjonalbiblioteket