Hav som stig, is som smeltar. Maja Lunde og Christian Bjørnæs


Havet har forma folk og land i Noreg sidan det fyrste mennesket sette beina sine mellom fjell og fjordar. Kva gjer vi om havet i framtida blir ein fiende? Korleis blir livet under vatn påverka av isen som smeltar i nord, og kva skjer i verda når temperaturane stig?
Maja Lunde er i haust aktuell med den andre boka i ein varsla klimakvartett. I romanen Blå skildrar ho ei nær framtid der havet stig og tilgangen på drikkevatn på same tid blir mangelvare. Kommunikasjonsdirektør i CICERO, Christian Bjørnæs, har i bøker som Klima forklart og State of the Poles arbeidd for å formidle kunnskap om klimaendringane. No møter dei redaktør ved Nasjonalbiblioteket, Hilde Østby, til samtale.
Arrangementet er ein del av det internasjonale biblioteksamarbeidet «Arctic Imagination».
15.11 | Hav som stig, is som smeltar. Maja Lunde og Christian Bjørnæs
20.11 | I spora etter polare heltar. Børge Ousland og Monica Kristensen og Siv Frøydis Berg
22.11 | Det litterære Arktis. Liv Lundberg og Henning Howlid Wærp
Landområda nord for polarsirkelen er ikkje berre ein del av Noreg reint geografisk. Førestillinga om nordmenn som eit folk som erobrar isen har vore ein viktig del av forteljinga om oss. Dei siste hundre åra har Arktis og Nordpolen gått frå å vere ein farleg og mytisk stad, til å bli eit globalt bilete på klimaendringane. Frå å vere eit isøyde som skulle erobrast av eventyrarar og nasjonalheltar, har det blitt eit område som må vernast for å stogge den smeltande isen.
«Arctic Imagination» er eit internasjonalt formidlingssamarbeid mellom seks bibliotek på tvers av Atlanterhavet. New York Public Library, Det Kongelige bibliotek i København, Grønlands Landsbibliotek, Nasjonalbiblioteket i Sverige, Stockholm Stadsbibliotek og Nasjonalbiblioteket i Noreg arrangerer i haust ei rekkje samtalar og føredrag om Arktis som stad og som førestilling i litteraturen, historia og samfunnet, og om utfordringane og ansvaret som står framfor oss.
Les meir om prosjektet og sjå historisk materiale frå dei ulike biblioteksamlingane på arcticimagination.com.