Arrangement
26
okt

Har du ei kriminell fortid?

Foto Kari Slåtsveen: Erika Hebbert // Forbryteralbum – arkivreferanser: SAO/A-11137/U/Ua/L0086, SAO/A-11137/U/Ua/L0007
Onsdag 26. oktober 2022, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Kva veit du eigentleg om slekta di? Er du etterkomar av ein tjuvradd som streifa rundt i Kristiania sine gater på slutten av 1800-talet eller har du ei tippoldemor som hamna på tukthus fordi ho stal smør?   

Oslo Politikammer sitt forbryteralbum har ei samling av 12.000 portrett frå åra mellom 1864 og 1920, av folk som hadde gjort noko gale og vart tekne av politiet. Fotoapparatet revolusjonerte politiet sitt arbeid, endeleg kunne dei kjenna att gjengangskriminelle.  

Programleiar Kari Slaatsveen, hushistorikar Chris Nyborg og ein frå Slekt og Data skal dei neste vekene dykka ned i desse arkiva på jakt etter kriminelle forfedre til nolevande nordmenn.   

Kva skjebner dei har funne og kva brotspersonane har gjort skal me avsløra i ein festkveld via slektsforskinga si kriminelle grein. Og med på kjøpet får du ekspertane sine tips og triks, slik at du sjølv kan verta ein meister i å finna fram i arkiva.   

***

OBS: Fristen har gått ut.

Vil du vera ein av dei som får slekta si undersøkt av dei to ekspertane denne kvelden?
Du kan søkja om å få di familiehistorie avdekka gjennom å svara på nokre enkle spørsmål HER og senda oss skjemaet innan måndag 10. oktober.

Velkommen til levande slektsforsking på Nasjonalbiblioteket!  

Arrangementet blir strøymd direkte på nb.no og på Facebook.