14
jan

Hallo, er det nokon der ute? Om utanomjordisk liv

Mandag 14. januar 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Alle førehandsbillettane er henta ut. Det er framleis mogleg å kome på arrangementet utan å ha billett på førehand. Over halvparten av plassane er reserverte for oppmøte i døra. Dørene opnar ca. kl. 18.30. Vi tilrår å vere ute i god tid.


Tanken om at vi er heilt aleine i universet kan nesten vere meir skremmande enn tanken om at der finst anna liv der ute. Fabuleringar om utanomjordisk liv har vore eit viktig element i science fiction. Finst det ein samanheng mellom dette og korleis vi meir vitskapleg forheld oss til det ukjende? Kvifor blir utanomjordiske vesen nesten alltid framstilt som slemme? Og kor sannsynleg er det eigentleg at det kan finnast liv der ute? Har kunstig intelligens og AGI bidrege til at vi er nærare eit svar på om vi er aleine eller ikkje?

Astrofysikar Maria Hammerstrøm, skribent og science fiction-entusiast Bjørn Are Davidsen og forskar på kunstig intelligens og astrofysikar Signe Riemer-Sørensen møter Kristopher Schau til samtale.