Logg inn English
Arrangement
10.
des

Gløymde julesongar: Plateslepp og fleirstemd allsong

Torsdag 10. desember 2026, kl. 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Gratis og opent for alle, men du må ha billett.

Kva skal skje? 
Velkomen til platelansering og korkveld. Nasjonalbiblioteket gir ut plata En jul jeg aldri glemmer, der du kan oppdage julefavorittar frå arkivet, utgitt mellom 1917 og 1954. Musikkjournalist Filip Roshauw fortel om låtene på plata. Så syng vi to av songane saman med Vålerenga mannskor. Dirigent Hugo Herrman deler oss inn i stemmegrupper og det blir fleirstemd allsong.  
Ta med deg ein venn – melodi og tekst lærer du hos oss! 

Plata kan du kjøpe her, eller du kan lytte der du høyrer musikk digitalt.  

Kven møter du? 
Filip Roshauw er musikkjournalist og er mellom anna redaktør i Jazznytt og skribent for Oslo World. Han er òg musikar i The Switch. Han har skrive eit essay til utgivinga Den jul jeg aldri glemmer. 

Hugo Herrman er musikar og dirigent. Han er uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule og er dirigent for Studentorkesteret STRYK og Vålerenga mannskor. Han er òg trommeslagar i Vanntett.  

Vålerenga mannskor starta i 2018 og har 80 songarar mellom 24 og 81 år. Vålerenga mannskor har eit repertoar med røter i Oslo by. 

Når og kor?                                                      

Torsdag 10. desember 18–19  

Nasjonalbiblioteket, Målstova 

inngang frå Henrik Ibsens gate 110  

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!

Treng du billett?   

Arrangementet er gratis, men du må ha billett for å sikre deg plass. Hent billett her: Hent billett!

Strøyming av arrangementet?    

Vi strøymer arrangementet her, og opptaket ligg ute i 14 dagar på Nasjonalbiblioteket TV.   

Mat og drikke? 

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.  

Velkomen!