Digitalt arrangment
6
okt

Gards- og slektshistorie

Bilete av oppstilt familie frå 1894
Foto: Hilda Julin, 1894. Eigar: Mjøsmuseet
Onsdag 6. oktober 2021, at 15:00 – 15:45

Dette er eit digitalt arrangement. Du kan følgje arrangementet direkte på vimeo (trykk på lenke) eller delta i webinaret på Zoom (trykk på lenke).

Mange er interesserte i å skrive gards- og slektshistorie på Lokalhistoriewiki. I dette webinaret går vi gjennom ein del døme på slike artiklar på wikien, til inspirasjon for små og store prosjekt. Vi ser mellom anna på korleis ein kan sette opp artiklar og korleis ein kan knytte artiklar saman til ei digital bygdebok. Vi skal òg sjå på korleis det digitale formatet gjer nye moglegheiter, mellom anna ved å lenke til kjelder i Historisk befolkningsregister, nettbiblioteket og andre nettstader.