Arrangement
16
mar

Spelarar elskar mellomalderen: samtale om fantasi, fiksjon og dataspel

En kvinne og to menn, bakgrunnen er fra et spill med drager og skog
Fra venstre: Christine Jentoft (foto: Reidar Engesbak, Blikk), Andreas Hedemann (foto: Andris Visdal, Anti), Ole-Albert R. Nordby (foto: Olaf Sunde Christensen). Bakgrunn er fra spillet "Skyrim" fra Bethesda.
Lørdag 16. mars 2024, at 12:00 – 13:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Spelarar elskar mellomalderen: samtale om fantasi, fiksjon og dataspel
Gratis

Ingen historisk epoke er så populær i spel som mellomalderen.

Spelarar får ikkje nok av sverdkamp, kongar og riddarar på hest. Spel som Skyrim, Pentiment og Kingdom Come: Deliverance er døme på internasjonale suksessar som hentar inspirasjon frå mellomalderen. I spela står gjerne kampen om dei store verdiane: det gode mot det vonde, det gamle mot det nye. Nokre av spela bygger opp under myten om mellomalderen som ei ultravaldeleg, kaotisk tid. Andre spel lærer oss mykje om korleis folk faktisk levde i mellomalderen.  

Kva spelversjonar av mellomalderen er mest korrekte, og kva er dei mest morosame og mest spennande?  

Til å snakke om dette har vi invitert Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby og gamer og rådgivar Christine Jentoft. Andreas Hedemann frå Nerdelandslaget leiar samtalen.  

Panelsamtalen er gratis, og du kan strøyme han på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant. Ønsker du å sikre deg plass i Målstova på Solli plass? Då kan du hente ut ein billett her: Hent billett!

Etter ein kort pause kan du få sjå ein Dungeons & Dragons-kampanje som er forankra i Magnus Lagabøtes landslov av 1274. Rundt spelbordet finn du kjende fjes frå Kultur-Noreg og erfarne D&D-spelarar. Her kan du lese meir om arrangementet: Dungeons&Dragons: eit eventyr frå mellomalderen