Framtida opplest. Rimbereid, Koli, Eika, Vatne og Knudsen

Livet etter klimakatastrofen, framtidige øko-politiske statskupp, robotoperatørar i «regio Norwg-West» og teknologien sitt grep om menneska sine kroppar og relasjonar. Korleis ser framtida ut i skandinavisk samtidslitteratur? Forfattarane les.
Sidan november har Nasjonalbiblioteket sett på korleis framtida har sett ut gjennom fortida si kulturhistorie. Framtida forandrar seg heile tida, og i dag lever vi på mange vis i den røynda science fiction frå fortida har skildra: Kunstig intelligens og algoritmar er ein del av kvardagen vår, menneskeliknande robotar og teknologi som implementerast i kroppane våre, er ikkje lenger fiksjon og spekulasjon. Utviklinga pressar fram store, filosofiske spørsmål: Kva er eit menneske? Og kva for ei verd er vi i ferd med å skape?
Dei siste åra har ein kunne ane eit oppsving i dystopiar og framtidsforteljingar frå skandinaviske forfattarar. Romanar, dikt og noveller om djupe, kollektive medvit integrert i hjerneborken, om klimakontrollerte soner, kyborgar og ein stadig mørkare horisont. Kvifor kjem dette akkurat no? Og korleis stiller denne litteraturen seg til den klassiske science fiction-tradisjonen?
Vi har samla fem skandinaviske forfattarar som har skrive seg inn mot denne tradisjonen, og inviterer til to dagar med samtaler og opplesingar. Kva for litterær og politisk kraft finst i dei fantastiske forteljingane og i science fiction som metode?