Digitalt arrangment
22
okt

Frå platting til parkett

Ingrid Kindem, 2017, foto: Anne Valeur. Arne Moslåtten. Foto: Liv Kreken. Heidi Stavrum, foto: USN. Asmund Grinaker, foto: Marthe Sæther-Larsen
Torsdag 22. oktober 2020, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Pardans

På grunn av vekterstreiken blir dette arrangementet gjennomført utan publikum. Arrangementet blir strømma direkte på Facebook og nb.no.

Dansen står i samspel med musikken som til kvar og ein tid er populær, som ofte er prega av tonar som har brei appell i folket. Samspelet mellom desse to kunstformene kan påverke korleis låter blir utforma eller utbreidd. Innan pardans er det store skilnader mellom regulert selskapsdans på parkett og spontan utfalding på ein festleg danseplatting. Eller er det det?

Førsteamanuensis ved USN Heidi Stavrum, dansar, koreograf og showprodusent i «Skal vi danse?» Asmund Grinaker og låtskrivar og musikar i Hellbillies Arne Moslåtten diskuterer korleis populærmusikkens verkar inn på ulike formar for pardans. Møteleiar er komponist og musikkprodusent Ingrid Kindem.

I serien «Populærmusikkens dansehistorie» leiar Kindem tre arrangement som tek utgangspunkt i ulike formar for dans og korleis desse påverkar eller lèt seg påverke av den til kvar tid populære musikken.

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.

 På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing.

Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.