Frå norrøn til ny tid. Språk og makt gjennom 1000 år

Kva skjer når nye språk møter gamle? Korleis blir språk brukt som symbol for nye makthavarar? I dette seminaret ser tre forskarar nærare på norrønt materiale frå Nasjonalbibliotekets samlingar.
Elise Kleivane tek for seg Noregs eldste bok, der runer og latinske bokstavar blir brukte om kvarandre. Anna C. Horn fylgjer Magnus Lagabøtes landslov under ulike makthavarar, og Karoline Kjesrud ser på bruken av det norrøne som symbol i vår tid.
Seminaret er del av fagseminarserien «Språk i arkiva»:
Kva er språk? Kva makt har språk? Kva fortel språk om oss?
I Nasjonalbibliotekets arkiv og samlingar finn ein skildringar av språk som ikkje lenger er i bruk, biblar på latin, lovtekster på dansk og eventyr på samisk og santalsk. Kva fortel kjeldene om landet vårt, om språket vårt, og om oss?
I 2018 arrangerer Nasjonalbiblioteket ei rekkje fagseminar der forskarar brukar dette materialet for å forstå meir om språk, makt og identitet.