26
feb

Frå mystikk til mekanikk. Wasim Zahid om hjartemedisinen i Noreg

Bilde av hjerte og Wasim Zahid
Ill. fra Andreas Vesalius’ anatomiverk De Humani Corporis Fabrica fra 1543. Foto Zahid: Gyldendal Norsk Forlag
Tirsdag 26. februar 2019, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Opp gjennom historia har hjartet blitt sett på som eit mystisk organ, som styrer tankar og kjensler. Gradvis fekk vi meir kunnskap om hjartet sin funksjon, og i dette oppdagingsarbeidet var ikkje norske legar bakpå. Faktisk er det mykje som tyder på at Vesten sin fyrste hjarteoperasjon blei gjennomført av den norske kirurgen Axel Hermansen Cappelen på Rikshospitalet i Kristiania i 1895.

Wasim Zahid er lege og spesialist i indremedisin og kardiologi, så vel som skribent, føredragshaldar og forfattar.  Han har skrive om hjartemedisinen si historie i boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie, som Nasjonalbiblioteket gjev ut i vår.

Serie: Norsk medisinhistorie

På 1700-talet var ikkje Noreg ein sjølvstendig nasjon, men vi hadde like fullt vår eigen sjukdom: radesjuken. Ein sjukdom vi framleis ikkje veit kva var, sjølv om han var rekna som dåtida sitt største helseproblem. På same tid var kirurgar synonymt med barberarar, og det var fyrst på slutten av 1800-talet at du kunne rekne med å få bedøving under ein operasjon. Dette var ei tid då det å bli innlagt på sjukehus var ei risikabel affære, og utbreiinga av syfilis gjorde at naselause individ ikkje var eit uvanleg syn på gata. 

På berre hundre år forandra alt seg. Vi gjekk frå brutale sjukdomar til pleie, smertelindring og læking under hygieniske forhold. Denne våren gjev Nasjonalbiblioteket ut boka Blod og bein. Lidelse, lindring og behandling i norsk medisinhistorie. I høve dette inviterer vi nokre av boka sine bidragsytarar til å fortelje om dei framstega og feilskjera som har lagt grunnlaget for moderne medisin i Noreg.