Logg inn English
Direktestrøyming
23
apr

Fosseforedraget og Fosseprisen 2026

Torsdag 23. april 2026, kl. 16:00 – 17:30
Nasjonalbiblioteket

Kva skal skje?  
Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson held årets Fosseforedag, og den nederlandske omsetjaren Paula Stevens tek imot Fosseprisen for omsetjarar. På Nasjonalbiblioteket kan du sjå heile seremonien på storskjerm direkte overført frå Slottet. Nasjonalbibliotekar Åse Wetås leiar sendinga.  

Etter sendinga frå Slottet blir det panelsamtale på scena på Nasjonalbiblioteket. Billettar til det finn du her.  

Fram til klokka 23.00 er Nasjonalbiblioteket ope for alle som vil vere med på etterfest og feiring av litteraturen. Les meir her: Feir Fosseprisen og Fosseforedraget!

Fosseprisen for omsetjarar og Fosseforedraget blei oppretta av regjeringa for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Fosseforedraget blir halde kvar april av ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som har gjort ein særleg innsats for å fremje forståinga av, eller formidlinga av, litteratur på verdsbasis. Fosseprisen går til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk.  

Kven møter du?  

Marilynne Robinson (f. 1943) er ein amerikansk forfattar og essayist, særleg kjend for den prislønte Gilead-kvartetten. Ho har doktorgrad i engelsk litteratur og har i 25 år undervist i kreativ skriving ved den anerkjende Iowa Writers’ Workshop. Robinson er omsett til 36 språk og er mottakar av ei rekkje store litterære prisar, mellom andre Pulitzerprisen.

Paula Stevens (f. 1955) er årets vinnar av Fosseprisen for omsetjarar. Ho har omsett nær 90 norske bøker til nederlandsk, både for vaksne og barn. Blant dei mange og ulike forfattarane ho har omsett, er Roy Jacobsen, Herbjørg Wassmo, Gunnhild Øyehaug, Lars Mytting og Johan Harstad  

Når og kor?   

Torsdag 23. april 16.00– 17.30 

Nasjonalbiblioteket, Målstova 

Inngang frå Henrik Ibsens gate 110  

Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!    

Treng du billett?   

Det er gratis, og du treng ikkje billett.  

Strøyming av arrangementet?    

Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.   

Mat og drikke?  

Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.  

Velkommen!